søndag 16. januar 2011

to gamle tanter

Eg var så heldig å bli tipsa om at desse blei sendt til kremering dersom ingen ønska å ta hand om dei.
Kunne eg motstå?


No står dei trygt i stova mi.

Spørsmålet er om dei skal få stå i sin ungdoms prakt, eller om eg skal gjere eit forsøk på å trekke dei om?
Eg har grubla ei stund på den, og grubler nok ei stund til...




fredag 14. januar 2011

PiPomania

For over to år sidan fann eg ein rull med tapet eg ikkje kunne legge frå meg.
Tapeten er frå Eijffinger og vart kjøpt ved Tante Bruun på Moa.
Eg hadde ingen ide om kvar tapeten skulle brukast. Eg var berre blindt forelska og måtte ha den.
På rommet til Una fekk den akkurat plass på ein endevegg.

Først i november 2010 kom det meg for øyret at der også var eit PiP servise.
PiPen havna øverst på ønskelista til jul, og sikra husholdninga kopper og fat som matcher veggen på barnerommet. 
Ja, for det er viktig....-å mætsje...!








søndag 9. januar 2011

Når vi først er i siget...

På rommet til Bo (5år) står ei gammal Langlo gardrobe med skyvedører i furu finér (pjuk!)
Har lenge tenkt på å taptsere dørene.
Fant denne lekre tapeten!













I eit år har tapen støva ned og venta tålmodig på sin plass på dørene...
I helga fekk vi endelig smekka den opp!

Litt vanskelig å få gode bilder på eit lite barnerom, men her er resultatet:

FØR

ETTER

wow -eit innlegg!

Ja ja, eg får legge ut eit par bilder frå det evinnelige stolprosjektet. Men resultatet vart ikkje som forventa!
Eg treng noke som ruver litt meir.Kanskje ein eller to korgstoler? Iallfall stoler med armlene.

Ei mager trøst er at Una eeEelsker dei lilla stolane. Tripp Trappen skal ho aaAaldri meir bruke.

Dette er ikkje akkurat gjenbruk. Men det som frister mest er denne Eames-stolen. Det går da an å blande? -og drøyme! Den står ikkje på januarbudsjettet, såpass kan eg innrømme... ;)






Uansett. Her er resultatet så langt..
(beklager kornete mobilbilder)




onsdag 8. september 2010

spisestolane dirrer av forventning

I utgangspunktet skulle stolane vere ulike i form. 
Men så vart dei så godt som like heile gjengen....
Derfor tenker eg at to av dei tåler å bli lilla
Målet er å få eit leikent resultat, og sammen med dei raude tripp trapp stolane håper eg vi oppnår det.
No dirrer både eg og stolane etter å leite fram malerkosten å sette igang!!
Det mest spennande er om vi torer å trekke eit og anna sete med babushka-stoff frå Stoff og Stil. 
Kidsa vil iallefall elske det!
 

mandag 16. august 2010

ting tar tid...

der er mange planer
men ikkje alltid nok timar i døgnet 
til at det blir gjennomførbart 
like fort 
som utolmodet skulle ønske!!

prosjekta ligg iallefall i haudet
klare for å bli satt til livs

dokumentasjonen kjem langsmed

søndag 8. august 2010

redda frå den sikre død


Denne gamle korgsofaen og stolen skulle på dynga.
Nokre meinte dei hadde gjort sin misjon...
Stakkars skattane mine -men no har dei fått trøst!
 
Slik vart det etter ei runde med 
malingskost, symaskin